Personvern og bruksvilkår Heit Eidfjord
1. Generelt
Heit Eidfjord AS, org.nr. 937 651 260, ivaretek personvernet ditt. I denne personvernerklæringa informerer vi om korleis vi handterer personopplysningane dine i samband med at du vitjar nettsidene våre og gjer bookingar. Vi kan gjere endringar i personvernerklæringa for å gjenspegle endringar i verksemda vår, på nettsidene våre eller i tenestene våre, eller gjeldande lov. Den siste versjonen av personvernerklæringa finst alltid her på nettstaden.
2. Handsaming og rettar
Du har når som helst moglegheit til å trekkje tilbake eller be om innsyn i dine eigne persondata. Berre personar som treng det for å utføre arbeidsoppgåver, vil ha tilgang til opplysningane som er nødvendige for å handtere avtaler og førespurnader.
3. Kven er ansvarleg for personopplysningane vi samlar inn?
Heit Eidfjord har ansvaret for at dine personopplysningar blir handsama i samsvar med lover og reglar. Vi set i verk tryggingstiltak for å verne personopplysningane dine mot å bli manipulerte, gå tapt, bli øydelagde eller at uvedkommande får tilgang til dei.
4. Korleis samlar vi inn personopplysningar?
For å kunne tilby deg eit komplett tilbod, vil vi be om: telefonnummer, e‑post og namn.
Vi samlar inn persondata gjennom gjennom innskriving frå brukaren. Denne informasjonen blir ikkje delt med andre og blir berre brukt til nødvendige formål for administrering, støtte og gjennomføring av avtaler mellom brukarstaden og kunden.
5. Betaling
Betaling skjer med vald betalingsform i kassa.
Visa og MasterCard er godkjende betalingsformer. Kredittkort blir belasta i det kjøpet blir gjennomført.
Delbetaling er ikkje mogleg. Ved ynske om faktura, kontakt oss på post@heiteidfjord.no
6. Vilkår for medlemskap
Heit Eidfjord blir i det følgjande omtala som seljar/seljaren.
Kjøparen er forbrukaren som gjer bestillinga, og blir omtala som kjøpar/kjøparen.
Medlemskapet ditt gir tilgang til rabatterte prisar for bruk av Heit Eidfjord sine fasilitetar og tenester. Du får tilgang frå kjøpstidspunktet.
Abonnementet har inga bindingstid og kan når som helst avbrytast ved å kontakte Heit Eidfjord på e‑post. Etter belastning får du tilgang til heile månaden, uavhengig av når i månaden du avbryt. Du har 14 dagars angrerett.
Klager skal rettast til seljaren innan rimeleg tid, jf. punkt 9 og 10. Partane skal forsøke å løyse eventuelle tvistar i minnelegheit. Dersom dette ikkje lukkast, kan kjøparen kontakte Forbrukarrådet for mekling. Forbrukarrådet er tilgjengeleg på telefon 23 400 500 eller www.forbrukerradet.no.
7. Avbestilling
Private timar: Ved avbestilling meir enn 24 timar før start får du full refusjon (minus eit administrasjonsgebyr på 75 NOK).
Fellestimar: Samme som private timar, men med eit administrasjonsgebyr på 25 NOK.
Det er ingen refusjon ved avbestilling mindre enn 24 timar før start.
Om du ønskjer å endre tidspunkt, ordnar vi det gjerne. Ta kontakt på post@heiteidfjord.no